Positiv simulatortest

Her er skipet på veg mot kai. (Alle foto: Magne Brekke)

Her er skipet på veg mot kai. (Alle foto: Magne Brekke)

Verken vind eller straumforhold vil skape vanskar for store cruise-skip som skal legge til ved djupvasskaia på Hellesylt. Det er konklusjonen etter simulatortest ved Høgskulen i Ålesund.

Det var i desember at simulatortesten vart utført. Resultatet av undersøkinga var positiv, kan Magne Brekke i Hellesylt Næringslag bekrefte. Han overvar testen, ei svært så realistisk oppleving der han hadde føling av å vere ombord i skipet.
Frå Stranda kommune var også Øystein Ljøen, Astrid Eide Stavseng og Kjell Inge Langlo til stades.

Den tenkte båten var 316 meter langt og skulle legge til kai under varierande styrke med vind og straum. ”Skipet” la til cruise-kaia utan vanskar, fortel Brekke.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak stadfestar at rapporten frå simulatortesten var positiv.
-Testen var nyttig, og vi fekk undersøkt og bekrefta det vi i grunn trudde. Men i tilknyting til kaia bør det byggjast ein dykkdalb, eit ankringspunkt for bakenden på lange skip-.

I neste veke er det nytt møte i Stranda Hamnevesen der djupvasskaiene både på Stranda og Hellesylt står på sakskartet, prosjekt som har blitt ein del dyrare enn dei første kostnadsoverslaga, seier hamnesjefen.

Mot Hellesyltfossen

Mot Hellesyltfossen

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380