Lokalnytt

Skigruppa med nye løyper

Skigruppa har køyrd opp fleire kilometer med skiløyper i området Kjellstadli forbi Seljehaugen.
Skigruppa har køyrd opp fleire kilometer med skiløyper i området Kjellstadli forbi Seljehaugen.

Rikeleg med snø og stabilt godt ver gjer at skigruppa i Sunnylven IL har køyrt opp nye løyper i Kjellstadli. I tillegg til lysløypa er rundløypa frå Røyrhus bru, Seljehaugen til Kjellstaddalen preparert for både klassisk og fristil.

Trakkemaskinkøyrar Trond Åge Dyrkorn melder om mange nye kilometer med flotte forhold for langrenn. Det er berre å finne fram ski og blå extra og starte trimmen, seier han.

Trond Åge lovar gode løyper heile vinteren om snøen blir liggjande. Skigruppa har vedteke ein plan for oppkøyring. I lysløypa skal det preparerast når det er behov, langløypa som kan brukast berre på dagtid, skal vere klar til klokka 11.00 kvar laurdag og søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380