Årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag

Styret i Sunnylven Pensjonistlag. Bak frå venstre: Solveig Høgalmen, Reidun Tryggestad. Framme frå venstre: Åge Gjørvad, formann Knut J. Tryggestad, Oddmund Fivelstad. Ottar Langeland var ikkje til stades.

Styret i Sunnylven Pensjonistlag. Bak frå venstre: Solveig Høgalmen, Reidun Tryggestad. Framme frå venstre: Åge Gjørvad, formann Knut J. Tryggestad, Oddmund Fivelstad. Ottar Langeland var ikkje til stades.

Knut J. Tryggestad vart samrøystes attvald som formann på årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag. Laget har 74 medlemer, ein tilgang på seks siste året. Årsmeldinga fortalde om god aktivitet for medlemane.

Årsmøtet på Sunnylven kyrkjelydshus samla kring 30 medlemer. Utanom vanlege årsmøtesaker, var det allsong, programinnslag og servering.
Knut J. Tryggestad ønska vel møtt, før Oddmund Fivelstad las ord for dagen, diktet ”Haustnatt på fjellet” av Sverre Ljøen.

Årsmeldinga fortalde om eit aktivt lag. Våren 2010 fekk Sunnylven Pensjonistlag i stand eit oppfriskingskurs i bilkøyring for 65 pluss som samla 12 deltakarar. Sjåførlærar Oddvar Tryggestad heldt kurset gratis og kursavgifta, kroner 200,- vart overrekt Sunnylven skulekorps som gåve.
Saman med sanitetslaget vart det halde opplysningsmøte om demens med godt frammøte. I juni var fleire av medlemane på ein to dagars busstur i nabofylket Sogn og Fjordane der laget bidro økonomisk til gjennomføringa, opplyste formannen.
Laget spanderte også nye puter til utemøblane ved Sunnylven omsorgsenter.

11 pensjonærar frå omsorgsenteret fekk seg trilletur gjennom sentrumsgatene på Hellesylt. Turen enda med enkel servering på kyrkjelydshuset.
Under haustmøtet til laget var rådmann og ass. rådmann i Stranda til stades og orienterte om omsorgstenesta.

Medlemskontingenten fastsette årsmøtet til 231,- kroner. Av dette går 121.- kroner sentralt, 60.- kroner til fylkeslag og 50.- kroner til lokallaget.

Val.
Ottar Langeland vart nytt styremedlem i Sunnylven Pensjonistlag.
Styret er:
Formann: Knut J. Tryggestad,
Styremedlemer: Reidun Tryggestad, Solveig Høgalmen, Åge Gjørvad, Oddmund Fivelstad, Ottar Langeland (ny).
Varamedlemer: Eline Fivelstad, Johs. Kjellstad.
Valnemnd: Sonja Hole Lillebø, Per Kjellstadli.

Sunnylven Pensjonistlag er kan hende eitt av få med eige husorkester. Per Kjellstadli, trekkspel og Oddmund Espe på gitar drog opp fleire gamle og kjende melodiar som fekk go`foten til å røyve på seg hos fleire.
Andre programinnslag stod Inghild Storstein for som las fleire dikt med innhald til ettertanke.

Inghild Storstein las fleire dikt.

Inghild Storstein las fleire dikt.

Oddmund Espe til venstre og Per Kjellstadli sytte for musikken under årsmøtet.

Oddmund Espe til venstre og Per Kjellstadli sytte for musikken under årsmøtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380