Lokalnytt

Attval i Sunnylven sanitetslag

Styret i Sunnylven sanitetslag. Framme frå venstre: Solbjørg Alme, Ruth Nygård Frøysa. Bak frå v. Ruth Hole Aaland, Ester Kjellstadli, Kari Hauso Stadheim, Elise Rørhuus-Øye.
Styret i Sunnylven sanitetslag. Framme frå venstre: Solbjørg Alme, Ruth Nygård Frøysa. Bak frå v. Ruth Hole Aaland, Ester Kjellstadli, Kari Hauso Stadheim, Elise Rørhuus-Øye.

To av styremedlemane i Sunnylven sanitetslag stod på val då laget heldt årsmøte laurdag. Begge tok attval og dermed er styret som før i nok eit arbeidsår.


Sanitetslaget har ikkje hatt vald leiar dei siste åra, men flat styreleiing. Det har fungert svært bra, og både aktivitet og økonomi er god.
Av laget sine 56 betalande medlemmer møtte 16 på årsmøtet som vart halde på dagtid laurdag.

Variert aktivitet
Årsmeldinga fortalde om eit år med stor aktivitet, opplysningsmøter, tilstelningar både for medlemar og inviterte, loppemarknad, basar, laudagskafe og meir. Sanitetslaget står for minibutikken på omsorgsenteret, det vart Luciamåltid på skulen og Adventsstund saman med pensjonærane på omsorgsenteret.
35 spreke damer deltok i Jentebølgen i Ørsta der Liv Grete Skjelbreid Poiree var premieutdelar.

No står binding og sal av fastelavnsris for tur, eit tiltak som gjev gode inntekter til nye prosjekt i og kring laget. I fjor gjekk overskotet til lydanlegg som overfører gudstenesta frå kyrkja til Omsorgssenteret.
Laget delte ut også fleire pengegåver til fond, mellom anna kvinnemedisinsk forsking og til gode lokale formål.

Val.
Hovedstyret:
Ruth Nygård Frøysa, Solbjørg Alme, Kari Hauso Stadheim, Elise Rørhuus-Øie, Ruth Hole Aaland.
1. varamedlem, Ester Kjellstadli og møter fast i styret.
2. Anne Marie Hauge Ljøen.
3. Ingebjørg S. Fivelstad

Valnemnd:
Anne Marie Hauge Ljøen, Ruth Tronstad, Solfrid Onsøien Lien.

Revisor:
Arnfinn Tryggestad

Laurdagskafè.
I forlenging av årsmøtet baud sanitetsstyret inn til laurdagskafe på samfunnshuset. Mange fann vegen dit for ein prat og til kaffi, karbonade eller andre smakar frå eit variert kakebord.
Det strenge vinterveret var truleg årsak til at frammøtet var litt mindre denne gonen enn i september. Arrangøren var likevel nøgd og vil ha dette tilbodet også seinare.

PÅ LAURDAGSKAFE: Marit Hellebostad t.h. og dotra Nanna handlar kaker av Ruth Nygård Frøysa.
PÅ LAURDAGSKAFE: Marit Hellebostad t.h. og dotra Nanna handlar kaker av Ruth Nygård Frøysa.
PÅ LAURDAGSKAFE: Frå venstre Sonja Fjørtoft Hole, Berit T. Hole, Jostein Hole, Sonja Lillebø Hole.
PÅ LAURDAGSKAFE: Frå venstre Sonja Fjørtoft Hole, Berit T. Hole, Jostein Hole, Sonja Lillebø Hole.
PÅ LAURDAGSKAFE: Frå venstre, Odd Jostein Bjørdal, Arne Tronstad, Arnfinn Tryggestad, Lilli-Karin Ljøen.
PÅ LAURDAGSKAFE: Frå venstre, Odd Jostein Bjørdal, Arne Tronstad, Arnfinn Tryggestad, Lilli-Karin Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380