Lokalnytt

Fyrste kaidragarane ferdig

Kjell Arne Sørheim t.h. og Harald Opsvik ved to dragarar til cruisekaia. Når dei er frakta på plass skal meir betong fyllast der det er armering. I bakgrunnen støypehallen av plast.
Kjell Arne Sørheim t.h. og Harald Opsvik ved to dragarar til cruisekaia. Når dei er frakta på plass skal meir betong fyllast der det er armering. I bakgrunnen støypehallen av plast.

På industriområdet i Svemorka på Stranda er tilsette ved entreprenør Kjell Nordang a/s i full gang med støyping av dragarar til cruisekaia på Hellesylt. Heile dekket er ferdigstøypt.

138 betongplater, kvar på 15 kvadratmeter og vekt ni tonn er ferdig støypt og ligg på lager ved K. Nordang a/s sitt anlegg i Svemorka. Dei fyrste betongelementa som skal bli dekke på djupvasskaia er alt komne til Hellesylt.

No er arbeidarar i gong med støyping av dragarar til kaia. Det er svære dimensjonar det er snakk om og mykje arbeid, seier Kjell Arne Sørheim hos entreprenør K. Nordang a/s.
Kulde og snø hindrar ikkje arbeidet, seier han, men det er laga til ein spesiell støypehall som held nedbør ute under armering og støyping.
Opshaug Sandtak a/s leverer betongen, og herdetid er to døgn.

Her ligg kaidekket som etter kvart blir frakta til Hellesylt.
Her ligg kaidekket som etter kvart blir frakta til Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380