Havlanddagar i Sparebanken Møre

Tare delte ut godteri og var populær.

Tare delte ut godteri og var populær.

Frå slutten av januar til fyrst i mars feirar Sparebanken Møre Havlanddagar. Avdelingskontoret på Hellesylt var lenge ope torsdag og inviterte store og små på kaffi, kaker og til møte med Tare.


Mange var innom avdelingskontoret på Hellesylt. Dei yngste kundane hadde med sparebøssene sine, og rundt 70 sparekontoar fekk fin tilvekst denne dagen.
I lokala vandra også kjendisen Tare rundt og spanderte godteri til både store og små.

Sparebanken Møre feirar Havlanddagar ved alle sine avdelingskontor, rundt tretti, ein gong i året.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380