Hellesylt Ungdomslag leitar etter tillitsvalde
Fredag 11. februar er det årsmøte i Hellesylt Ungdomslag. Laget er inne i eit jubileumsår, men slit med å finne tillitsvalde.
Egil Røyrhus er leiar i Hellesylt Ungdomslag. Han ønskjer avløysing på årsmøtet, men er kjend med at det er vanskar med å finne arvtakar. Kva som skjer veit han ikkje.
Laget skal markere 100-års jubileum i år og opplegget for det er ei av sakene på årsmøtet.
Det blir også orientering om badehuset og stupetårnet som er planlagt å gjenreise, seier Egil Røyrhus.
I tillegg blir det sjølvsagt vanlege årsmøtesaker og enkel servering.
Årsmøtet finn stad på Øcal fredag 11. februar.