Helsetkopen blir meisterskapsarena

PÅ TOPPEN AV HELSETKOPEN: Mange fjellflygarar deltok i fjor, men enno fleire er venta til meisterskapstevlingar i juli.

PÅ TOPPEN AV HELSETKOPEN: Mange fjellflygarar deltok i fjor, men enno fleire er venta til meisterskapstevlingar i juli.

Til sommaren blir Norwegian Champion og World Champion i fjellflyging arrangert frå fjellet Helsetkopen i Sunnylvsbygda. Konkurransane vil finne stad under Sommardagar på Hellesylt frå 8. til 10. juli.


Helsetkopen har blitt eit populært fjell for tøffe menn og damer i wingsuit-drakt. Frå den 1246 meter høge klippa har det blitt mange hopp, både av norske og utanlandske basehopparar.

Kongen kjem
Dei to siste åra har meisterskapastevlingar i World Base Race gått her med mykje publikum til stades.
Mange friskusar er alt klare for årets meisterskap, mellom dei Frode Johannessen frå Voss. Han er så langt ”kongen” av Helsetkopen og står med sigrar frå begge meisterskapa, både som Norwegian Champion i 2009 og World Champion året etter.

Rask nedtur
Fjellet Helsetkopen er unikt, seier fjellflygarane. Toppen på den fleire hundre meter høge kopa har overheng og hopparane kjem fort ut frå fjellet.
Til landingspassen på flata ved Helsetvatnet er det 1100 meter vertikalt og 1300 meter horisontalt. Ei luftferd frå start til mål som dei raskaste ”flygarane” brukar 30 sekund på.

Paul Fortun frå Isfjorden var i 2002 den aller fyrste som hoppa frå Helsetkopen. No er han organisator av konkurransar i denne idretten. Frå Helsetkopen blir det hopping 8. til 10. juli, same helg som Sommardagar på Hellesylt. Helga etter blir ”verdens raskast flygande menneske” kåra under World Base Race i Innfjorden.

Informasjonstavle
Til konkurransen på Hellesylt ventar Paul Fortun 40 – 50 basehopparar. I tilegg til å konkurrere om dei to meisterskapstittlane, skal fleir gjennom ei kvalifisering for å få delta i Innfjorden. Frå Helsetkopen blir det mykje prøvehopping laurdag 9. juli med finalar på søndag. Tidspunkt for finalehopping blir gjort kjent på stor informasjonstavle i Hellesylt sentrum.

HELSETKOPEN. Frå finalen i fjellflyging 2009. (Foto: Ivar Brennhovd)

HELSETKOPEN. Frå finalen i fjellflyging 2009. (Foto: Ivar Brennhovd)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380