Ikkje gaupespor på Røyrhus

Spora var av eit hundedyr då det viste merke etter klør, slår Lars Olav Lund fast.

Spora var av eit hundedyr då det viste merke etter klør, slår Lars Olav Lund fast.

Sporavtrykka som vart observert i snøen på Røyrhus nyleg, var ikkje gaupespor. Det slår fjelloppsynsmann Lars Olav Lund i Direktoratet for Naturforvaltning fast.


Rovviltkontakt i Stranda kommune John Langeland sende inn både bilete og rapport på spora og har fått svar tilbake. Spora var etter eit hundedyr slår Lars Olav Lund fast. Han er sikker i si sak, det var symetriske spor med kloremerke. Spor etter gaupe i vanleg gange viser ikkje klør i motsetning til hund eller rev.

Då der ikkje er hundar på Røyrhus er det mest truleg ein litt stor rev som har luska rundt, seier John Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380