Kan ha sett gaupespor på Røyrhus

Rovviltkontakt John Langeland undersøkjer sporavtrykka som kan vere etter gaupe.

Rovviltkontakt John Langeland undersøkjer sporavtrykka som kan vere etter gaupe.

Har Røyrhus i Sunnylven blitt heimsøkt av gaupe? Sjeldne sporavtrykk i snøen vart torsdag undersøkt av rovviltkontakt John Langeland. Han var usikker.


Ein morgon såg Eva Kristin Langlo Røyrhus spor ved huset sitt som ho ikkje hadde sett før. Etter søk og bilete av sporavtrykk på internett, valde ho å tilkalle John Langeland som er rovviltkontakt for Møre og Romsdal i Stranda kommune.

Mykje kan tyde på at ei gaupe har vore på Røyrhus, men sikker er han ikkje. Etter storleiken, 7-8 cm. i breidde kan det vere spor etter ei gaupe, om ikkje av største slaget. Men spora kan forvekslast med både hund og rev, seier han.
På Røyrhus har ingen hund, vart det opplyst.

Langeland sender no inn rapport og bilete av sporfunna til viltforvaltninga i fylket i håp om å få eit sikrare svar.

-

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380