Lokalnytt

Ryddar plass for Posten

Denne veka var distriktssjef i Coop Møre BA, Olav Maridal og distriktssjef for Post i butikk, Siri Andreassen på Hellesylt og planla flyttinga. Til høgre butikksjef ved Coop Marked Oddbjørn Tryggestad.
Denne veka var distriktssjef i Coop Møre BA, Olav Maridal og distriktssjef for Post i butikk, Siri Andreassen på Hellesylt og planla flyttinga. Til høgre butikksjef ved Coop Marked Oddbjørn Tryggestad.

Frå 12. april tek Coop Marked over posttenestene på Hellesylt. Fram til då skal personell kursast og det blir gjort nokre justeringar av inventar i butikken.

Måndag 11. april flyttar Posten på Hellesylt, frå Spar Ringdal & Co til Coop Marked.
-I utgangspunktet er ingen tenester tilgjengeleg denne dagen, men om noko hastar let det seg nok ordne, seier distriktssjef for Post i butikk, Siri Andreassen.

Saman med distrikssjef Olav Maridal i Coop Orkla Møre BA var dei på Hellesylt denne veka og planla den nye Post-butikken.
-Alt ser greit ut med plass i lokala til Coop Marked. Litt flytting på kassadisken er stort sett det heile som skal til, seier Maridal.

I tida fram mot Post-opning skal dei tilsette ved butikken skulerast, ei opplæring som kan takast som brevkurs. Alle må kunne betjene kundane med dei tenester Posten har å tilby, som til dømes innskot og uttak av pengar, til formidling av brev, pakkar og anna post.

-Det var Coop som hadde det lavaste tilbodet etter anbodsrunden, difor flytter vi. Ellers blir alt som før når det gjeld Posttenester på Hellesylt, lovar Siri Andreassen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380