Lokalnytt

Småbarnstreff kvar torsdag

På torsdagstreff, frå v. Hanne Kvamme med Tora, Borghild Sporsøl og Mathias, Birgitte Fannemel og Pia, Susanne Ringdal og Oskar, Elise Skjortnes Røyrhus med Elias, og Stine Nordholen og Mindor.
På torsdagstreff, frå v. Hanne Kvamme med Tora, Borghild Sporsøl og Mathias, Birgitte Fannemel og Pia, Susanne Ringdal og Oskar, Elise Skjortnes Røyrhus med Elias, og Stine Nordholen og Mindor.

Kvar torsdag er det småbarnstreff på Sunnylven kyrkjelydshus. Sist tordag var seks mammadamer med born samla. Det er plass til fleire, seier dei.

Så langt i år har det blitt tre samkome, men det blir garantert fleire framover vinteren, seier dei. Det er kjekt å kome saman og prate, utveksle erfaringar kring borna våre, og løyse store samfunnsproblem, legg dei til med eit smil.

På kyrkjelydshuset har dei både den store møtesalen og peisestova, så der er det god plass for borna å leike, og det kostar ingen ting å vere der.
Vi kosar oss, seier dei.
Småbarnstreffet på torsdagar varer frå kl. 10.00 til 14.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380