Lokalnytt

Sokneprest fram til sommaren

Svein Runde har framleis kontor på Hellesylt og skal jobbe både som prest og prost fram til sommaren.
Svein Runde har framleis kontor på Hellesylt og skal jobbe både som prest og prost fram til sommaren.

Fyrste nyttårsdag vart Svein Runde innsett som prost i Austre Sunnmøre prosti. Det skjedde i Ørskog kyrkje med biskop og andre kyrkjelege representantar til stades. Fram til sommaren er Svein Runde også sokneprest i Sunnylven og Geiranger.

Prosten i Austre Sunnmøre prosti skal vere busett på Ørskog. Svein Runde flytter ikkje no, det skjer først ein gong til sommaren. I eit halv år til blir han i stillinga som sokneprest i Sunnylven og Geiranger med bustad på prestegarden på Hellesylt. Han skal gjere unna viktige handlingar som konfirmasjon, ni brudevigsler, og bispevisitas i mai.

Snart 1000 turar på fjorden
Som sokneprest har han snart pendla mellom Hellesylt og Geiranger i 26 år, lenger tid enn nokon annan prest. På Verdsarvfjorden har det så langt blitt 986 turar med Mørebasen, og i tillegg 120 med ferja og 110 med bil om Eidsdal.
-Det var ikkje eit lett val å slutte som sokneprest etter så mange år. Her har eg og familien blitt godt mottekne av folket, vi har vore med på mange fine samarbeidsprosjekt og fått utført eit rikt arbeid. Det er mange fine år å sjå tilbake på, seier Svein Runde.

Var tvilande, men søkte
Det var nærmast ei tilfeldigheit at Svein og kona Elisabeth kom til Hellesylt. I 1978 var begge på tur til Oaldsbygda, så dei visste kvar staden var.
Sju år seinare vart stillinga som sokneprest lyst ut og Svein og Elisabeth tok turen for å sjå nærmare på forholda før søknad vart sendt.
-Det var i februar, vi køyrde gjennom Norangsdalen som var open, og kom til prestegarden på Hellesylt. Standarden på huset var ikkje den beste, det var kaldt ute og inne var få rom oppvarma og i bruk. Det var ikkje ein bolig som freista så mykje.
Ute låg snøen djup og fjella var bratte og høge. Ein inneklemt stad i ei tøff natur.
Eg var betenkt og Elisabeth var sikker. Aldri om ho ville til Hellesylt og busetje seg der.
Men våren kom og vi bestemte oss for å ta ein ny tur og sjå. Det vart til at eg søkte, og i juni 1985 vart eg innsett som sokneprest.
Det viste seg fort at fjella ikkje fekk så stor betydning, folket tok godt i mot oss og det vart mykje rikt arbeid å vere med på. Hit kom vi for å bli og vi har trivest. Det vart aldri ein mellomstasjon, men rike år på utfordringar og opplevingar, seier Svein Runde.

Store dugnadsprosjekt
Svein Runde vart meir enn ein prest i Sunnylven, og har alltid kjempa for saker han har sett som viktige. Store prosjekt har han aldri kvidd seg for å ta fatt på og alltid har det enda positivt.
Fort såg han at kyrkja i Sunnylven trong måling innvendig. Det var eit halvt hundreår sidan siste målingsstrøk.
Stranda kyrkje hadde jubileum i 1988 så kommunalt tilskot til målararbeidet kunne ein ikkje rekne med.
Det stoppa ikkje planane og arbeidet vart organisert på dugnad. Fem gonger vart veggar og tak behandla i den store kyrkja, to gonger vask, skylling og til slutt to strøk måling.
Eit storarbeid som vart feira med fest på Sunnylven samfunnshus eitt år etter. Der møtte 90 personar.

Rik kyrkjelyd
Der og då vart tanken om det neste store tiltaket fødd, nemleg bygging av Sunnylven kyrkjelydshus.
Første tanken var å reise det i tilknyting til kyrkja, men det gjekk ein bort frå, fortel Runde. Det vart i staden foretningsbygget i Gatå, kjøpt for 1. mill. kroner og påkosta 2. mill. kroner. Til finansiering gav kommunen 300.000,- og i spelemiddlar 700.000,-. Resten var lån, dugnad og innsamla middlar. Dugnadssjefen var nok ein gong soknepresten.
I dag er Sunnylven kyrkjelydshus gjeldfritt og kyrkjelyden har 1. mill,- kroner på bok. Eit nesten utruleg resultat, seier sokneprest og prost Svein Runde som meinar det har blitt til etter oppslutnad og godt samhald mellom bygdefolket.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380