Sunnylven IL manglar framleis leiar

Sunnylven IL har halde avsluttande årsmøte for 2010. Viktigaste saka var val av medlemer til hovedstyret, leiar, nestleiar og sekretær, men framleis står dei tre styreverva ledige.

På saklista stod val av leiar, nestleiar og sekretær til hovedstyret.
Desse kom ikkje på plass på årsmøtet 1. desember, og heller ikkje på årsmøtet torsdag. Valnemnda hadde ikkje lukkast i å finne kandidat til ny leiar etter Knut Dag Langeland som ikkje tek mot attval.

Situasjonen er vanskeleg, men ikkje heilt låst, seier Knut Dag Langeland. Nestleiar og sekretær kjem på plass om ein finn leiar til hovedstyret og valnemnda jobbar med fleire. Han trur det kan bli ei løysing og val på ekstraordinært årsmøte om ikkje alt for lenge.

Heretter skal årsmøtet i Sunnylven IL haldast i februar. Rekneskap og årsmelding skal følge kalenderåret.
På det avsluttande årsmøtet i Sunnylven IL sist torsdag vart rekneskap og årsmelding for november og desember framlagt og godkjent.

Årsmøtet valde eit internstyre for idrettslaget sitt trimrom. Desse er med i styret og skal konstituere seg sjølve:
Susanne Ringdal
Hans Marius Ringdal
Trond Tryggestad
Per Svein Hole

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380