Årsmøte i Bygdetunets Venner

-

Venneforeninga for Hellesylt Bygdetun har halde årsmøte. Karl Johan Øie held fram som leiar.

Årsmøtet vart halde på Sunnylven kyrkjelydshus og handsama vanlege årsmøtesaker.

Som vanleg skipa venneforeninga til olsokfeiring i Hellesylt Bygdetun også sist sommar. 55 frammøtte fekk seg servert rømmegraut, kaffi og kaker, og der var programinnslag.
Bygdetunets venner har 96 betalande medlemmer. Årsmøtet vedtok at kontingenten for komande år skal vere uendra, kr. 100.-

Val.
Styret for 2011 er:
Styreleiar: Karl Johan Øie
Nestleiar: Marit Ljøen
Styremedlemer: Per Svein Hole, Per Kjellstadli, Odd Jostein Bjørdal.

varamedlem: Ruth Hole Aaland
varamedlem: Lars P. Korsbrekke.

I samarbeid med Sunnylven sanitetslag skipar Bygdetunets venner til temakveld på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag 4. mai. Der blir det utloddning og servering, og innslag ved dr. Hans Chr. Paulsen som fortel om –helse blant folket i Sunnylven for 100 år sidan-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380