Årsmøte i Hellesylt Næringslag
Liv Jorunn Sporstøl vart vald inn som nytt styremedlem på årsmøtet i Hellesylt Næringslag. Styreleiar Magne Brekke hadde sagt frå seg attval, men resten av styret fekk fornya tillit.
Av 30 medlemer i Hellesylt Næringslag var 10 til stades på årsmøtet på Øcal, Hellesylt onsdag der vanlege årsmøtesaker stod på saklista.
Årsmelding og rekneskap vart framlagt og godkjent. Også alle val var samrøystes.
Styret: Ole Arnstein Ringdal, Inge Hole, Øystein Ljøen, Kjell Oddvar Frøysa, Liv Jorunn Sporstøl (ny). Styret vel leiar og konstituerar seg sjølve.
Hellesylt Næringslag er hovedarrangør av Sommardagar på Hellesylt. På årsmøtet vart årets arrangementet 8. til 10 juli drøfta, eit etter kvart stort og omfattande arrangementet over tre dagar som krev mykje planlegging.