Cruisekaia på Hellesylt tek form

Arbeidet med cruisekaia på Hellesylt går godt.

Arbeidet med cruisekaia på Hellesylt går godt.

Arbeidet med den nye cruisekaia på Hellesylt går etter planen. Lydnivået fortalde om pæling av røyr, og byggfirma K. Nordang A/S gjorde klart for ny støyping av beresøyler.

Tilsette hos entreprenør K. Nordang A/S gjorde klart for armering og støypingar av nye beresøyler på cruisekaia onsdag. Dei stadfesta at arbeidet går framover og etter planen.
Rett nok har det gått lenger tid med pæling, noko som i stor grad skuldast lengre røyr. Om lag ein månads arbeid står att.

Samstundes med at den siste pælinga pågår, har entreprenør K. Nordang A/S starta å fylle røyra med armering og betong. Fire er alt støypte, og nye fire skal støypast fredag, fekk hellesylt.no opplyst.
I kvart røyr går med 10 kubikkmeter betong.

Snart blir også dei fyrste dragarane på cruisekaia løfta på plass og deretter kaidekket. Slik skal entreprenøren bygge seg utover til cruisekaia på Hellesylt står ferdig, fekk vi oss fortalt.

Armering og støyping av beresøyler for kaia har starta.

Armering og støyping av beresøyler for kaia har starta.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380