Fekk bankgåve

Kari Hauso Stadheim tok mot og takka på vegne av sanitetslaget for gåva som banksjef Stig Tryggestad overrakte frå Sparebanken Møre.
Kari Hauso Stadheim tok mot og takka på vegne av sanitetslaget for gåva som banksjef Stig Tryggestad overrakte frå Sparebanken Møre.

Under pensjonistfesten på Hellesylt søndag, vart Sunnylven sanitetslag overrakt 10.000.- kroner frå Sparebanken Møre. Ei gåve som kom svært overraskande på leiinga i det driftige sanitetslaget.

Det var banksjef Stig Tryggestad som bar fram gåva av Sparebanken Møre sine utbyttemiddlar.
Tryggestad rosa sanitetslaget for mykje positivt arbeid for folket i Sunnylven, og for godt samarbeid med banken i fleire samanhengar.
-Som oftast er det sanitetslaget som deler ut gåver. I dag vil Sparebanken Møre gje ei gåve tilbake-, sa Stig Tryggestad og overrakte beviset på 10.000.- kroner.

Kari Hauso Stadheim tok i mot og takka på vegne av laget.
-Dette var like overraskande som om vi hadde fått medalje i VM på ski. Vi visste ingen ting om dette, men det er ei oppmuntrande påskjønning som vi set stor pris på og takkar så mykje for-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380