Fornying av idrettsplan

Det er tid for revidering av plan for idrett og fysisk aktivitet i Stranda kommune for perioden 2012 – 2015. I Sunnylven blir alle invitert til å kome med innspel på møte på klubbhuset.


Tysdag 5. april er det tillyst møte på klubbhuset ved Hellesylt stadion der publikum kan kome med innspel til tiltak og vidare satsing innafor idrett og fysisk aktivitet i si eiga bygd. Det gjeld til dømes idretts- og aktivitetsanlegg, natursti og liknande.
All fysisk aktivitet, uorganisert som organisert skal kome med i planen.
Og for å få ein god plan er det viktig med mange innspel. Difor blir flest mogleg oppmoda om å kome til møtet på klubbhuset Hellesylt stadion tysdag 5. april kl. 18.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380