Gaute Ormåsen til Sommardagar på Hellesylt

Gaute Ormåsen blir å høyre i Sunnylven kyrkje under Sommardagar på Hellesylt. (Pressefoto)

Gaute Ormåsen blir å høyre i Sunnylven kyrkje under Sommardagar på Hellesylt. (Pressefoto)

Programmet til Sommardagar på Hellesylt 2011 tek form. Artist under konserten i Sunnylven kyrkje 8. juli blir songidolet Gaute Ormåsen.

I 2003 var Gaute Ormåsen med i songkonkurransen Idol i TV 2. Her vart det 2. plass på Brumunddals store stjerne, etter Kurt Nilsen.
I åra som har gått har Gaute Ormåsen gjeve ut fleire plater, han har prøvd seg som skodespelar, mellom anna i såpeoperaen ”Hotell Cæsar”, og han har delteke i norske Melodi Grand Prix.
Også i ”Skal vi danse” har han delteke med dansepartnar Elena B. Wiulsrud.

Fredag 8. juli blir han å høyre i Sunnylven kyrkje. Med seg har han eit band på tre musikarar.
Gaute Ormåsen har halde mange kyrkjekonsertar og litt av repertoaret til sommarkonserten i kyrkja på Hellesylt er kjent, mellom anna ”Bred dina vingar”, ”Navnet Jesus”, og ”Glorien”.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380