
Styremedlem Borghild Reenskaug i TINE Meieriet Vest hadde med både godt årsresultat og utmerkingar for god produsentmjølk til årssamlinga i Sunnylven og Stranda produsentlag. Tor Lie, Stranda vart vald til ny leiar i laget, etter Oddvar Tynes, Sunnylven.
Borghild Reenskaug orienterte frå drifta i meieriselskapet TINE Vest som auka omsetninga med 140 mill. kroner i 2010 i høve til året før.
Med forskotspris på 10 øre/literen og styret sitt forslag på 23 øre i etterskot, gjev det ein pris til kumjølkprodusentane på 4.53 kroner pr. liter i fjor.
Mjølkekvaliteten var god i TINE Vest og låg på landstoppen med heile 93 % som elitemjølk.
Styremedlem Reenskaug hadde med høgthengjande utmerkingar til tre leverandørar i produsentlaget. Det var ei stor glede å kunne dele ut slike påskjønningar, sa ho.
Under årsmøtet i Tine i Oslo i april får Eli Tjore og Lars Helge Skarbø, Stranda overrekt Sølvtina for heile 15 år med klassefri mjølk. Dei er dei fyrste i Stranda kommune som mottek denne utmerkinga nokon gong. Under årssamlinga i Sunnylven samfunnshus fekk dei blomar frå TINE.
Til Annfrid Sæter, Hellesylt hadde Renskaug med 10-års plakett og blomar for ku. Ho var ikkje til stades.
Jørn Stadheim fekk overrakt 5-års plakett og blomar for geitmjølk.
Val.
Oddvar Tynes hadde sagt frå seg attval og fekk overrakt blomar og takk for fire års innsats i leiarvervet for produsentlaget av nestleiar Per Kristian Gjerde.
Val av styre:
Tor Lie, leiar
Per Kristian Gjerde, nestleiar
Karl Johan Espe, styremedlem
vara: Barbro Lade
vara: Jørn Stadheim
Genokontakt: Per Kristian Gjerde
Valnemnd:
Rolf Arne Ljøen, leiar
Endre Frøysa
Ola Ødegård
vara: Knut Sundgot
vara: Reidar Overvoll
Utsending til årsmøtet i TINE frå valsamarbeidsområde 14
Knut N. Hjelme, Valldal
vara: Hans Jakob Hatlestad, Sykkylven
vara: Tor Lie, Stranda
