Lokalnytt

Inviterte til pensjonistfest

 

Storsalen i Sunnylven kyrkjelydshus var rydda og pynta då sanitetslaget i samarbeid med Sunnylven pensjonistlag inviterte til den årlege pensjonistfesten søndag.

Nær 40 personar hadde teke turen til kyrkjelydshuset også denne gongen sjølv om ei spanande 5- mil i Holmenkollen gjekk på TV.
Frå styret i Sunnylven sanitetslag helsa Kari Hauso Stadheim vel møtt.

Programmet opna med musikalske innslag av pensjonistlaget sitt faste ”husorkester,” Per Kjellstadli på trekkspel og Oddmund Espe gitar.
Også unge Lars Kvam Karbø laga triveleg stemning i salen med pianospel, fyrst ”Til Elise” og deretter ragtime-tonar, ein smakebit på det som blir repertoaret når han representerer kommunen i Ungdomens kulturmønstring i Fræna 1. april.

Frå Stranda sogelag orienterte Rolleiv Berge om innsamling og registrering av gamle foto frå kommunen. Denne gongen var det årstal på gamle bilete frå fleire stader i Sunnylven og postfoto frå Hellesylt som det vart søkt å finne fram til.

”Den gyldne spaserstokk”

”Den gyldne spaserstokk” er eit trimopplegg for eldre som Sunnylven sanitetslag og Sparebanken Møre samarbeider om. Under eldrefesten var det premiering til dei som hadde delteke siste året.
Banksjef Stig Tryggestad frå Sparebanken Møre, avd. Hellesylt delte ut blanke heidersbevis.

Sølvmerke:
Ruth Nygaard Frøysa, Magnhild Hole, Sonja Fjørtoft Hole, Gunnvor Ringdal, Ivar Ringdal, Arne Tronstad.
Gullmerke:
Ingebjørg Tryggestad, Anne Marie Stokke, Einar Stokke, Roger Tryggestad.
Bronsenål:
Ingeborg Korsbrekke, Lars P. Korsbrekke, Jon Tryggestad.
Sølvnål:
Liv Hellebostad
8-årsmerke:
Knut H. Hole, Knut J. Tryggestad, Reidun Tryggestad.
Oddny Rudi
9-årsmerke:
Kirsten Gjørvad, Åge Gjørvad.
10-årsmerke:
Arnfinn Tryggestad.
11årsmerke:
Anne Gausdal
Spaserstokk:
Odd Jostein Bjørdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380