Lokalnytt

Kaffi og song på omsorgssenteret

 

Pensjonærane ved Sunnylven omsorgssenter fekk ei triveleg samling i storstova torsdag. Då varta Sunnylven sanitetslag opp med kaker og kaffi, og ungdomskoret Joyful underheldt med song.

Rundt 20 av pensjonærane hadde samla seg til kvardagsgjestebod med Sunnylven sanitetslag som vertskap. Styremedlemane varta opp med bollar, kaffi og kaker, og etter kvart dukka 25 unge songfuglar i Joyful opp. Denne torsdagen la dei songøvinga si til omsorgssenteret.

Under leiing av Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim song ungdomskoret mange songar med norsk tekst, alle frå noteark som er med når dei syng i kyrkja eller ved andre lokale arrangement. Joyful øver fram mot Oslo Soul Children Festival i mai der dei skal delta.

Sunnylven sanitetslag har planlagt to, tre slike samkome på Sunnylven omsorgssenter i år. Vi trur fleire har sett pris på om dei kom oftare, for ein vanleg torsdag vart ei gla`stund for alle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380