Lions hjelper Litauen

Til stades på orienterigsmøtet var Ragnhild Lunde t.v., president i Lions Club Hellesylt, Olga Taraldset, og Helge Tryggestad.

Til stades på orienterigsmøtet var Ragnhild Lunde t.v., president i Lions Club Hellesylt, Olga Taraldset, og Helge Tryggestad.

Lions Club, Hellesylt førebur naudhjelp til Litauen. I samarbeid med Lions Club, Stryn skal ein trailer etter planen ta turen 25 mai med innsamla varer.

Nyleg inviterte Lions Club, Hellesylt til informasjonsmøte om innsamlinga i april. Til stades var også to som har besøkt landet og har sett nauda som mange lir under.
Helge Tryggestad frå Hellesylt er 20 år og har vore i Litauen to gonger. Saman med Ragnhild Lunde frå Lions Club, Stryn fekk eit trettitalls frammøtte høyre om og sjå bilete frå det fattige landet.
Forholda er vanskelege, det er mangel på det meste, og mange av husa som folket bur i er svært dårlege, fortalde dei. Arbeidsløyse på 25 % og mykje alkoholisme gjer ikkje situasjonen betre.

Lions har vore i landet med hjelpesendingar tidlegare, og no er ei ny under planlegging.
I hovedsak er det klede ein ynskjer å få med, men også toalettsaker, sengetøy og syklar er kjærkomne ting.
Alt må vere reint og heilt, og det kostar 100 kroner i frakt for kvar bossekk med klede.

Hjelpesendinga til Jurbarkas i Litauen skal etter planen gå 25. mai.
På Hellesylt blir det innsamling 25. april, og oppsamlingsstad blir det gamle bedehuset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380