Litlebø Kraftverk har starta opp

I Litlebø Kraftverk ved maskinene som er i drift. Frå høgre byggeleiar Kjell Opheim, dagleg leiar Olav Hauso og prøveingeniør Harald Hoff.

I Litlebø Kraftverk ved maskinene som er i drift. Frå høgre byggeleiar Kjell Opheim, dagleg leiar Olav Hauso og prøveingeniør Harald Hoff.

Tryggestad-grenda i Sunnylven har fått sin merkedag. ”Vatnvegar” til Litlebø Kraftverk er blitt fylte opp og straumproduksjonen er i gong. Så langt har prøvedrifta gått utan vanskar.

Det var hausten 2009 arbeidet med bygging av Litlebø Kraftverk starta opp. Eigarar av elvekraftverket er fallrettseigarar på Tryggestad og Lillebø.
Til straumproduksjonen tek kraftverket inn vatn frå elvane frå Nibbedalen og Langedalen. Vatnet blir ført til kraftstasjonen i lukka røyrgrøfter.

Verforhold gjennom to av dei strengaste vintrane på mange år har ført til visse vanskar i arbeidet, og litt forsenkingar, men no var det klart for oppstart og prøvedrift på deler av anlegget.
I fyrste omgang er det installasjonane til Nibbedalselva som er blitt prøvekøyrd. Og utstyret har så langt fungert som det skal, seier dagleg leiar Olav Hauso.
I kraftverket er det montert tre turbinar, ”dei tre bukkene bruse”. Den minste får vatn frå Nibbedalselva og her er alt klart for straumproduksjon.

Dei to siste vekene har prøveingeniør Harald Hoff frå Rainpower sett over og testa utstyret. Tre ting er spesielt kontrollert, sjå at innløpsventil har rett opning og lukking, at turbinen går som tenkt utan ulydar, og at generator får smørjing og kjøling.
Alt utstyr med kontrollanlegg er i tipp topp stand, forsikrar Hoff.

Den minste ”bukkane bruse” er kopla til Nibbedalen og straumproduksjonen vil utgjere om lag ein firedel av den totale leveranse frå Litlebø kraftverk.
Langedalselva har større vassføring og kratigare maskiner. Frå denne elva vil produksjonen starte opp etter påske, sa dagleg leiar Olav Hauso.

Total årsproduksjon ved Litlebø kraftverk blir på 28 GWh eller nok el-forsyning til 1500 husstandar.

Prøveingeniør Harald Hoff ved eit måleinstrumenta som viser fall og vatntrykk.

Prøveingeniør Harald Hoff ved eit måleinstrumenta som viser fall og vatntrykk.

Inntaksdam frå Nibbedalselva ligg vakkert i terrenget og blir ein liten turistattraksjon.

Inntaksdam frå Nibbedalselva ligg vakkert i terrenget og blir ein liten turistattraksjon.

Her ved Storhaugen er inntaket frå Langedalselva. Rist ved røyrinntaket er på plass.

Her ved Storhaugen er inntaket frå Langedalselva. Rist ved røyrinntaket er på plass.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380