Marianne Fivelstad ny leiar i HUL

Marianne Fivelstad leiar Hellesylt Ungdomslag, her frå ei rolle med HUL-teatret i folkekomedia "Barneskrik og uvenskap".

Marianne Fivelstad leiar Hellesylt Ungdomslag, her frå ei rolle med HUL-teatret i folkekomedia «Barneskrik og uvenskap».

Marianne Fivelstad heiter den nye leiaren i Hellesylt Ungdomslag. Også resten av styrevala kom på plass på eit ekstra årsmøte tysdag.


Marianne Fivelstad avløyser Egil Røyrhus som ikkje ynskte attval.
Den nye leiaren er godt kjent i Hellesylt Ungdomslag, både som styremedlem, skodespelar i HUL-teatret, og gjennom dans og instruksjon i dansegruppa i laget.

Egil Røyrhus er glad for at leiaren er på plass saman med resten av styret til 100-årsjubilanten HUL. Han fortel om mange oppgåver som ventar, både festarrangement i høve jubileet, og stort Sunnmørsk barnestemne med ulike aktivitetar 2 – 4. september.
Teatergruppe er også på plass, så no håper han det blir nye framsyningar med HUL-teatret i løpet av året.
Også gjenreising av stupetårnet ved badehuset er oppgåver som vil krevje mykje planlegging og organisering, seier Egil Røyrhus, men aller fyrst er det bygdakvelden 16. april med ”Dalarane” som vertskap som står for tur.

Styret i Hellesylt Ungdomslag:
Marianne Fivelstad, leiar,
Geir Frøysa, nestleiar
Ole Aasen, sekretær
Anita Langeland, styremedlem
Egil Røyrhus, styremedlem
1. varamedlem:
Oddbjørg Stadheim.

Teatergruppe:
John Langeland
Anne Marie Sømoen Frøysa
Marit Ljøen,
Asle Fivelstad,
Per Kjell Leite

Komite for jubileumsmarkering:
Marianne Fivelstad, leiar
John Langeland
Anita Langeland
Jens Arve Forbord

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380