7. februar 2026

Presenterer plan for hyttefelt i Åsen

Åsen ligg høgt og fritt med utsikt til Hellesylt sentrum og Sunnylvsfjorden.
Åsen ligg høgt og fritt med utsikt til Hellesylt sentrum og Sunnylvsfjorden.

Arbeidet med reguleringsplan for hyttefelt i Åsen er godt i gong. På eit ope folkemøte fyrstkomande måndag vil skisser med konsekvensanalyser for området bli presentert. Det blir også høve til å stille spørsmål og kommentere planane.


Etter ein konkret førespurnad frå to grunneigarar i Åsen, Roar Åsen og Liv Åsen Sætreås, gjorde Stranda kommunestyre på møte i oktober 2010 vedtak om å starte arbeidet med reguleringsplan.

Målet med tiltaket er å omdisponere areal i området til fritidsformål. Det tenkte hytteområdet er på 200 dekar, og består av både fjell, dyrka og overflatedyrka jord, beitemark og skog på låg bonitet.

Utviklingsselskapet Hellesylt Vekst har vore oppdragsgjevar for prosjektet så langt. Selskapet har engasjert seg i tiltaket då det vil vere positivt å kunne tilby areal til ferie- og fritidsbustader i nærområdet til Hellesylt sentrum. Avstanden til feltet i Åsen er 3.6 km.
Fleire har alt vist interesse med tanke på bygging av fritidsbustader.

Målet i fyrste omgang er å legge til rette for 15 – 20 tomter slik at naudsynt infrastruktur som veg, vatn, kloakk og straum kan forsvarast økonomisk, skriv planleggaren AG Plan og Arkitektur i Ørsta.
Til stades på det opne folkemøtet på Sunnylven samfunnshus måndag 28. mars blir representantar frå planleggarar, Stranda kommunen og lokale interessentar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →