Lokalnytt

Hendingar gjennom 100 år

Trond Otto Berg øver med eit stort skulekor.
Trond Otto Berg øver med eit stort skulekor.

Ved Sunnylven skule er elevar og lærarar inne i grunnskuleveka. Saman med kulturskulen i Stranda skaper dei eit program med innslag om hendingar i Sunnylven dei siste 100 åra.


Leiinga ved Sunnylven skule og kulturskulerektor Trond Otto Berg har i fellesskap laga opplegget for programmet som skal visast på Sunnylven samfunnshus torsdag, og som er ope for alle. Ved skulen går øvingane for fullt.

-Kulturskulen i Stranda ynskjer å vere eit lokalt ressurssenter for kulturfag og formidling og hjelpe med tenester som skulen etterspør på ulike områder.
Tanken om å øve inn ei forestilling i lag med skulen kom for tre år sidan. No er vi i gong og klare til å vise eit vel timelangt program med song og musikk, samanbunde av forteljingar og sketsjar. Tråden i forestillinga blir ”Sunnylven dei siste 100 år”.
Det blir ikkje noko djupdykk, men eit tverrsnitt av ein del hendingar i Sunnylven gjennom tidsbolken-, seier Berg og nemner opning av Ljøvegen, fråflytting av fjellgardar, opning av Sunnylven skule og samfunnshus, opning av Hellesylt stadion, litt frå krigsåra 1940 til 45 og meir.

-Vi la prosjektet til grunnskuleveka då det var lettare å få gjennomført øvingane, noko det har blitt mykje av. Skulen, kulturskulen, skulekorpset og Hellesylt Ungdomslag som er 100-årsjubilant er saman om forestilling-, fortel Trond Otto Berg.

Forestillinga skal framførast i storsalen ved skulen torsdag, og der er alle invitert til å oppleve song og musikk, dans og litt t

eater i eit program som varer i fem kvarter.

-
-
Erik Torset frå Frei er nytilsett gitarlærar i Stranda kulturskule, her saman med rektor Trond Otto Berg.
Erik Torset frå Frei er nytilsett gitarlærar i Stranda kulturskule, her saman med rektor Trond Otto Berg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380