Lokalsport

Hødd til Sunnylven

I 2005 møtte Sunnylven Hødd2. på Hellesylt stadion i seriekamp, eit oppgjør heimelaget vann 1-0. (Arkivfoto)
I 2005 møtte Sunnylven Hødd2. på Hellesylt stadion i seriekamp, eit oppgjør heimelaget vann 1-0. (Arkivfoto)

Hødd kjem til Hellesylt onsdag 7. september for å spele treningskamp mot Sunnylven herrer på Hellesylt stadion. Kampen er del av markeringa kring ny kunstgrasbane.

Sunnylven IL håpa å få Hødd på besøk til den offisielle opninga av kunstgrasbana på ”nye” Hellesylt stadion som blir laurdag 11. juni.
Det gjekk ikkje, men Hødd kjem med A-laget sitt onsdag 7. september for å spele treningskamp mot Sunnylven, fortel leiar i Sunnylven Fotball, Steinar Hjelle.

I tillegg til herrekampen, skal Hødd ta del i treningar med aldersbestemte lag og fortelje om korleis klubben frå Ulsteinvik driv sin aktivitet i yngres avdeling.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380