Ikkje nytt stupetårn i sommar

Det har svikta i sjøgrunnen under plattingen framfor badehuset.

Det har svikta i sjøgrunnen under plattingen framfor badehuset.

Hellesylt Ungdomslag vil reise stupetårnet ved det freda badehuset på Hellesylt slik at det blir ståande i mange år. Byggemåte og materialval som blir foreslått går Fylkeskonservatoren i mot.


Fredinga av sjøbadet med badehus på Hellesylt har skapt problem for eigaren Hellesylt Ungdomslag. Laget har fått avslag på materialval og korleis det ti meter høge stupetårnet skal gjenreisast.

Dei siste åra har ein platting framfor badehuset fungert for dei stupeglade. For to vintrar sidan svikta det i sjøgrunnen, og sist vinter vart heile plattingen enno meir hellande.

-Vi har ikkje gjort noko med det då plattingen skulle rivast vekk for å byggje nytt stupetårn. No kjem det til å drage ut då vi ikkje har fått løyve frå Fylkeskonservatoren å byggje slik vi hadde tenkt-, seier leiar i badehusstyret Jens Arve Forbord. Han sa ja til vervet då han var interessert i å få få opp stupetårnet, men vedgår at problema har blitt fleire og større enn han trudde.

Striden gjeld fundamentering, men det er også usemje om materialval.
Hellesylt Ungdomslag ynskjer å slå ned betongpålar i sjøbotnen og byggje resten i impregnert material.
Slik blir det ikkje. Fylkeskonservatoren vil ha gjenreist stupetårnet slik det var opphaveleg og av same sort materiale. Det skal vere malmfuru eller osp frå botn til topp er beskjeden, fortel Forbord.

Ungdomslaget har søkt om å få støype ei plate i sjøbotnen som fundament. Svar på det er ikkje kome enno.
I alle høve må den gamle plattingen framfor badehuset nyttast også i sommar. Difor vart det halde dugnad for å forsterke og rette opp verste skeivheitene.
Til hausten håpar leiaren i badehusstyret at arbeidet med nytt stupetårn kan kome i gong.

-

 

Ein ny ospestokk skal forsterke den ramleferdige plattingen. Frå venstre Jens Arve Forbord, Reidar Brekke, Geir Frøysa og Egil Røyrhus

Ein ny ospestokk skal forsterke den ramleferdige plattingen. Frå venstre Jens Arve Forbord, Reidar Brekke, Geir Frøysa og Egil Røyrhus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380