Kraftsenter med eigen valuta

Mange ”dalarar” har blitt kraftsjeikar og innført frank som eiga betalingsmiddel og myntenheit. Og i framtida vil senteret heite Vikja Kraft der også den politiske makta kan blir å finne.
Gullkorna frå scena var mange og latterbrøla frå publikum kom tett då ”dalarane” serverte sin programmeny på grendakvelden laurdag. Ei tilstelning som for 35 gong bekrefta at grendakvelden har sin plass og at vertskapet aldri går tom for lokale revypoeng.
Som det vart antyda før grendakvelden palmelaurdag ville det bli mykje rør med ”dalarane”. Det vart det, truskuldig humor, mest om dei sjølve, men også nokre stikk til visse andre.
Det vart ein triveleg time, befriande god for alle i ei fullsett storstove i Sunnylven samfunnshus.
Kraftsenteret heiter Vikja, det fortalde ”dalarane”. Ikkje berre har dei eit stort og dyrt kraftverk i sving, også fastbuande kan tenkje seg å ta makta i framtida. Under programmet vart det fortalt at det var sendt ut innbydingar til grendakvelden, men ikkje alle kom. –Sve`en han sa nei, men kva gjer no det, her er jeg-, song Jan Ove og det lokale koret.
Programtimen var full av song og musikk. Vertskapet har gode musikarar på mange slag instrument, og revyskaparane hadde snekra saman gode tekser med slåande poeng.
”Dalarane” har gått vekk frå kroner og til frank som betalingsmiddel. Den myntenheita var det meir av og lett å låne om ein trong. Skulle det likevel knake på, kunne ein trykkje sjølve, vart det sagt. Også andre ting i Sunnylven fanst løysingar på. Peder Rune viste seg som ein prest som vil takle det meste, fastlege Jostein reparerte dei fleste skader, men leita framleis etter meir pengar til djupvasskaia, Oddmund vart meir glad i varer frå automaten enn tredemølla på treningssenteret, og Per Kjell som seljar av elkraft samla klingande mynt frå lange røyr på sparegrisen.
Jau, det vart mykje moro og mykje latter gjennom timen som gjekk så alt for fort.
Og dei store latterbrøla kom fram heilt til slutt då spreke mannfolk kasta det meste av påkledning og viste spenstig dans. Om det var hula-hula, norsk folkedans, Zumba eller berre våryre takter som slo ut, ja sjå det fekk berre kvar og ein tenkje seg til.