9. februar 2026

Markerte ”Dansens dag”

 

Alle har sine dagar gjennom året, også dei som svingar seg til song og musikk. Fredag 29. april var det ”Dansens dag” og det markerte dansegruppa i Hellesylt ungdomslag med opptreden for bebuarane på Sunnylven omsorgsenter.


Dansegruppa i Hellesylt ungdomslag tel mange aktive og har haustar anerkjenning og prisplassar i konkurransar stadig vekk. Astrid R. Ringdal er eldsjel og hovedleiar for den store danseaktiviteten i laget.

Fredag var ho saman med nokre foreldre på plass med yngste gruppa for å øve og underhalde bebuarane ved Sunnylven omsorgsenter. Astrid hadde ikkje med seg alle denne gongen, det er stort aktivitetsnivå mellom dei unge i bygda, mellom anna var fleire på fotballtrening.

Men dei som var til stades laga stemning, og ”Dansens dag” vart ei triveleg stund for mange av bebuarane i det fine veret på plassen framfor inngangen. Og på 17. mai lovar dansegruppa på nye framsyningar, både ved omsorgsenteret og andre stader i Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →