Lokalnytt

Posten til Coop Marked

Coop Marked Hellesylt ved butikksjef Oddbjørn Tryggestad fekk blomar frå Posten ved innflyttinga. Her saman med driftskonsulent Rune Haugsvæ og distriktssjef for post i butikk, Siri Vegsund Andreassen.
Coop Marked Hellesylt ved butikksjef Oddbjørn Tryggestad fekk blomar frå Posten ved innflyttinga. Her saman med driftskonsulent Rune Haugsvæ og distriktssjef for post i butikk, Siri Vegsund Andreassen.

Tysdag 12. april flytta Posten inn i ny butikk på Hellesylt. Flyttinga ”over gata” gjekk utan vanskar, og heretter er alle posttenester å finne i Coop Marked.


For 10 år sidan hadde Posten eigne lokale i bygget til Coop Marked på Hellesylt, før det vart Post i butikk hos Spar.
-Vi flyttar i grunn heim igjen no-, skjemtar driftskonsulent i posten, Rune Haugsvæ. Saman med distriktssjef for post i butikk, Siri Vegsund Andreassen såg han til at alt kom på plass i Coop Marked-butikken.

Post i butikk har vore ein suksess, seier Haugsvæ. Kundane er godt nøgde, det har blitt lengre opningstider og såleis lettare å hente både vanleg post og pakkar.
Folk handlar meir på internett no enn før og kan hente pakkar så lenge butikken er open, seier han.

At posten flyttar frå Spar til Coop Marked endrar ingen ting for kundane på Hellesylt. Tenestene blir dei same som før, også innlevering av varer som skal sendast.

Ved Coop Marked Hellesylt blir fem av betjeninga kursa i ”Post i butikk”. Rune Haugsvæ blir på Hellesylt ut veka for å sjå til at alt fungerer, men er sikker på at han kjem seg heim til Bergen til påske….

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380