Ringdal Kraftverk rekk vårflaumen

På Ringdal er det anlagt ein stor inntaksdam for kraftverket

På Ringdal er det anlagt ein stor inntaksdam for kraftverket

Det meste er no klart for oppstart ved eit nytt elvekraftverk i Sunnylven. Prøvekøyring av Ringdal Kraftverk er i gong.

Byggearbeidet på Ringdal Kraftverk A/S starta hausten 2009. Elvekraftverket har inntaksdam på Ringdal i elva som kjem frå Moldskreddalen. Frå der blir vatnet ført i fjelltunnel til kraftstasjonen som er plassert ved Holen der elvane frå Ringdal og Langedalen møtest.

Andreas Ringdal er ein av fallrettseigarane og har vore aktiv for realisering av kraftverket. Då byggearbeidet starta i 2009 håpa han å få med seg vårflaumen 2011 i produksjonen.
Det held akkurat. No bekreftar han at det aller meste er på plass og prøvekøyring av anlegget, såkalla tørrtesting er i gong. Kring påske startar energiproduksjonen frå snøsmeling i Moldskreddalen for fullt.
Ringdal Kraftverk får ein årsproduksjon på 19.6 GWh.

Ringdal Kraftverk kjem i produksjon kring påske.

Ringdal Kraftverk kjem i produksjon kring påske.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380