Rør med ”Dalarane” palmelaurdag

Palmelaurdag er det grendakveld med "Dalarane". Her frå programmet i 2008 med frå v. Asle Fivelstad, Randi Sæter og Leif Arne Fivelstad på scena.

Palmelaurdag er det grendakveld med «Dalarane». Her frå programmet i 2008 med frå v. Asle Fivelstad, Randi Sæter og Leif Arne Fivelstad på scena.

Laurdag før påske inviterer Hellesylt Ungdomslag til den årlege grendakvelden. ”Dalarane” er klare med siste års hendingar frå scena, og deretter blir det som vanleg servering og dans.

Hellesylt Ungdomslag fyller 100 år og grendakvelden blir arrangert for 35. gong. Det var ”Dalarane” som ”serverte” den fyrste av desse populære underhaldningsfestane, og dei får æra av å trone scena i Sunnylven samfunnshus også i jubileumsåret. Dalarane er framleis unge, mange av dei som var med den fyrste gongen stiller også no.

-For at vi skulle stille opp sette vi som vilkår at desserten skulle tilbake under matykta, fleipar Randi Sæter. Eit godt krav synest vi, og leiar i HUL, Marianne Fivelstad lovar både dessert og spekemat på menyen.

Naturleg nok er programskaparane lite viljuge til å røpe noko av innhaldet, det blir stort sett berre rør og det varer i 62 minutt, er kommentaren dei gjev.
Kanskje ligg det to stikkord her som dei vil spinne mykje moro rundt og som vil trimme lattermusklar hos publikum. Elles er det vel ikkje å unngå at det blir nokre politiske spark i eit valår.

-”Dalarane” er kjende for å satse på song og musikk i programmet sitt, men i år skal det også bli sketsjar, lovar Randi Sæter, ein av femten aktørar som blir å sjå på scena.
Og gode skodespelarar er det mange av hos dalarane, etternamn som Fivelstad, Leite, Langeland og Sæter har florert på rollelista til HUL-teatret opp gjennom åra.

Grendakvelden blir garantert ein go`bit mange bør få med seg. Hellesylt Ungdomslag ventar at minst 200 vil fylle stolradene denne kvelden 16. april.
Det blir førehandssal av billettar i vestibylen på samfunnshuset same dag frå kl. 11.00 til 13.00.
Eventuelle restbillettar blir selde ved inngangen før kl. 20.00 då programmet startar.
Grendakvelden blir avslutta med dans til musikk av Kathes frå Stryn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380