Arrangerer Jentebølgen

Marit t.v. og Heidi vel i mål i regnveret i Ørsta i fjor.

Marit t.v. og Heidi vel i mål i regnveret i Ørsta i fjor.

Måndag 6. juni er det klart for den lokale Jentebølgen i Sunnylven, eit mosjonsløp for damer i alle aldrar.

Ta med dotter, mor, veninne eller tante og bli med på tur i eige tempo, heiter det på plakaten og innbydinga til arrangementet.
Trimløpet er på 5.0 km. og har start ved Hellesylt stadion. Løypa blir i same trase som Hellesyltløpet, men litt kortare.
Startkontingenten er kr. 50,- som skal betalast ved start og deltakarar blir premierte etter loddtrekning.

I regnver i Ørsta i fjor deltok mange frå Sunnylven i Spar Jentebølgen. 10. juni blir mosjonsløpet arrangert der også i år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380