Lokalnytt

Biskop og rådmann samtala

Biskop Ingeborg Midttømme og rådmann Ann Kristin Langeland utveksla synspunkt om gudstenesta.
Biskop Ingeborg Midttømme og rådmann Ann Kristin Langeland utveksla synspunkt om gudstenesta.

Det vart ein lett og uhøgtidleg samtale mellom biskop Ingeborg Midttømme og rådmann i Stranda, Ann Kristin Langeland under kyrkjelydsfesten på Hellesylt. Temaet dei snakka kring, ”Gudsteneste berre for spesielt interesserte?”, var likevel viktig.


Dei to hadde prata i lag ved eit tidlegare høve, under ein helikoptertur til bunkersen for rasovervaking av fjellet ved Åkernes. Det var ei luftig og spanande reise tykte biskopen.

Folk brukar kyrkja i sorg og glede, ved store festdagar og høgtider. Ann Kristin Langeland gjekk sjølv i kyrkja ofte, der råka ho kjente, det var tradisjon, kultur, kyrkja i Sunnylven var eit vakkert og staseleg bygg, og så hende det at ein fekk høyre ei god preike, fleipa ho.

Ann Kristin stilte spørsmålet om biskopen kunne forstå at nokon syntes det var skummelt å delta i kyrkjelege handlingar.
Det forsto biskopen. Mange var redde for å bli sett og gjere feil. Om ein informerte meir om reglane ville ikkje gudstenesta bli for berre spesielt interesserte.
Ikkje ha dårleg samvit om det blir fotballkamp saman med ungane i staden for gudsteneste ein søndag. Men gjer det gjerne til ein vane å gå i kyrkja så ofte som råd. Dit kan hele familien gå og vere saman, sa Ingeborg Midttømme.

Kyrkja i Sunnylven er 152 år gamal, fortalde sokneprest Svein Runde. Han hadde gjort eit lite oversyn over kor mange gudstenester som var blitt haldne der og kome til ca. 5300.
–Sjølv har eg halde 780, la han til.
Han hadde ein draum for gudstenesta. I gamle dagar var det presten som stod for det meste. Draumen var at fleire i kyrkjelyden skulle bli deltakarar i staden for ”tribuneslitarar”.

Frå høgre; Sokneprest Svein Runde, biskop Ingeborg Midttømme, prost Lars Slettebø og prest Per Inge Haugen.
Frå høgre; Sokneprest Svein Runde, biskop Ingeborg Midttømme, prost Lars Slettebø og prest Per Inge Haugen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380