Bispevisitas med omfattande program.

Biskop Ingeborg Midttømme var til stades under 150-år jubileet for Sunnylven kyrkje i 2009, på biletet saman med prost Øystein Kjølberg og sokneprestane Svein Runde og Øystein Bråten.
Biskop Ingeborg Midttømme var til stades under 150-år jubileet for Sunnylven kyrkje i 2009, på biletet saman med prost Øystein Kjølberg og sokneprestane Svein Runde og Øystein Bråten.

Frå onsdag 25. mai til søndag 29. mai er biskop i Møre, Ingeborg Midttømme på visitas i Sunnylven og Geiranger. Eit variert og omfattande program ventar biskopen og fylgje med gudstenester, møter, samtalar med folk frå næringsliv, politikarar, tilsette ved skulane , og bedriftsbesøk.


Visitasen startar på Hellesylt med morgonbøn, stabsmøte og skulegudsteneste onsdag.
Deretter blir det samtalar med tilsette ved skulen i Sunnylven og med sokneråda i Sunnylven og Geiranger.
Om kvelden er det kyrkjelydsfest på Sunnylven kyrkjelydshus med mykje song.

Torsdag 26. mai er biskop Ingeborg Midttømme og fylgje i Geiranger heile dagen. Også der med gudsteneste, besøk på Geiranger omsorgsenter og samtalar med skuleborn og tilsette, temakveld på Norsk Fjordsenter og til slutt kyrkjelydsfest på Gildetun.

Fredag 27. mai startar dagen med besøk på Sunnylven skule før temaet ”Næringsutvikling i eit lite samfunn med fjellskredtruslar” blir lufta i møte på Hægstad Gård.
Til stades der blir mellom anna representantar frå Hellesylt Vekst og frå dei største næringslivsbedriftene i Sunnylven.
Seinare same dag er det bedriftsbesøk på Formvac.
På fredag er det også avsett tid til samtalar mellom kommuneleiinga i Stranda og folk frå kyrkja.
Til slutt denne dagen er det besøk på Sunnylven omsorgsenter.

Bispevisitasen i Sunnylven og Geiranger blir avslutta søndag 29. mai med visitasgudsteneste i Sunnylven kyrkje.
Heilt til slutt søndag blir det kyrkjekaffi og visitasforedrag av biskop Ingeborg Midttømme på Sunnylven kyrkjelydshus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380