Blåtur til Aasen Gård

Roar Aasen fortalde om garden og drifta.

Roar Aasen fortalde om garden og drifta.

Laurdag inviterte Sunnylven bygdekvinnelag medlemane på ny og ukjend utflukt. Blåturen i år gjekk til Aasen Gård.

Eigar Roar Aasen fortalde om garden og viste kring i låverestauranten. Det er ikkje lenger dyr på garden, men med god hjelp av slekt og vener har han teke vare på bygningar og kulturlandskap, noko som også er eit mål framover.
Verksemda på garden er trappa litt ned, men framleis er mange innom og feirar høgtidsdagar eller overnattar, fortalde Roar Aasen.

Når bygdekvinnelaget inviterer høyrer det med god bevertning. I Åsen fekk dei 15 som var med på årets blåtur servert eit velsmakande lunch-bord.

Det var ei lita utloddning under samlinga. Her er to som vann mykje, Ingeborg Korsbrekke t.v. og Pernille Åsen.

Det var ei lita utloddning under samlinga. Her er to som vann mykje, Ingeborg Korsbrekke t.v. og Pernille Åsen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380