Lokalnytt

Fortalde om arbeidsplassar i Sunnylven

I Peer Gynt Galleriet hadde biskop Ingeborg Midttømme uformelle samtalar med næringslivsfolk i Sunnylven.
I Peer Gynt Galleriet hadde biskop Ingeborg Midttømme uformelle samtalar med næringslivsfolk i Sunnylven.

Fredag møtte biskop Ingeborg Midttømme og følgje næringslivsfolk i Sunnylven. På Hægstad Gård vart ho orientert om arbeidsplassar i ei rastruga bygd av representantar frå mellom anna tre hjørnesteinsbedrifter, Ole Ringdal, Hellesylt Trevare og Formvac.


-Tørr dokke å bu der, var kommentaren ein ofte vart møtt med av folk utanom Hellesylt, sa sokneprest Svein Runde då han opna for den uformelle praten i Peer Gynt Galleriet. Sjølv tenkte han lite på fåren for fjellskred og flodbølge då han leit på det varslingssystem som var utplassert.

Jan Ove Tryggestad kjenner godt restriksjonane som rastrusselen frå Åknes har lagt på bygda. Ei lemping har rett nok kome for vise bygg, men så har store deler av Hellesylt blitt raudfarga som betyr forbod mot bygging grunna fåre for snøras, fortalde han.
-Det meste står på vent og den situasjonen må vi finne oss å leve med, men heldigvis har vi nokre store arbeidsplassar, som Ole Ringdal A/S. Heller ikkje i Hellesylt Vekst er det den entusiasme lenger som det var i starten, sa Jan Ove Tryggestad som håpa på ei løysing.

Disponent Kristen O. Ringdal ved Ole Ringdal A/S fortalde om utviklinga frå den fyrste oppstart i små kjellarlokale ved Hellesytfossen i 1938 til i dag med ei bygningsmasse på fleire tusen kvadratmeter på Øyrane.
Kjøttvarebedrifta som har 60 fast tilsette, hentar råstoffet sitt i hovedsak frå leverandørar i nærområdet.

Øystein Ljøen representerte ei anna stor bedrift, bygningsfirmaet Hellesylt Trevare. Firmaet har god ordretilgang og er blitt ein stor arbeidsplass.
Bedrifta har teke inn ein del utanlandske arbeidarar då lokal arbeidskraft ofte vel meir sentrale strøk.
-Å etablere seg med eige hus på Hellesylt er eit val som må vere godt gjennomtenkt. Du får ikkje selge huset med forteneste om du vel å flytte, meinte Øystein Ljøen.

Om plastbedrifta Formvac fortalde dagleg leiar Kjell Opsvik der biskop Ingeborg Midttømme og følgje var på synfaring seinare same dag.

Sparebanken Møre har eiga avdeling på Hellesylt. Banksjef Stig Tryggestad merkar stadig stor lokalpatriotisme. Utflytte kjem tilbake til banken i heimbygda og spør om lån når dei treng det. Også mange nyetablerte er kundar og banken opplever stabile tilstandar, sa Stig Tryggestad.

Stranda kommune var representert med rådmann Ann Kristin Langeland.
-Eg føler at kommunen prøver å legge til rette for at folk skal bu og trivast på Hellesylt, sa ho og rekna opp fleire saker det blir jobba med å få løysing på.
Lokale for ungdomsklubb har møtt mykje vanskar grunna rastrusselen, og skulen stod for tur til å bli renovert. Skulle kommunen bli sett under administrasjon kunne rehabiliteringa bli utsett, sa Langeland, men ho trudde det skulle gå bra. Planane var klare og det var alt avsett ein del pengar.
Hellesylt hadde bank og to butikkar som det var viktig å støtte opp om. At seks-sju gardsbruk kunne bli nedlagt i løpet av året, var dramatisk, sa rådmann Ann Kristin Langeland.

Biskop Ingeborg Midttømme ved eitt av dei unike trerelieffa til kunstnaren Oddvin Parr
Biskop Ingeborg Midttømme ved eitt av dei unike trerelieffa til kunstnaren Oddvin Parr

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380