Frå kjellarlokale til hjørnesteinsbedrift

Kjell Opsvik fortalde om bedrifta og måten det vart produsert på.

Kjell Opsvik fortalde om bedrifta og måten det vart produsert på.

Bedrifta Formvac som produserer vakuumforma plastartiklar har ekspandert mykje. Frå oppstarten som kjellarbedrift i 1959 er det i dag ein av Hellesylt sine største arbeidsplassar.

Under visitasen i Sunnylven var biskop Ingeborg Midttømme og fleire på synfaring. Omvisar var dagleg leiar Kjell Opsvik.
Opsvik var ein god pedagog og fekk di besøkjande til å lytte. Han fortalde om produksjonsmåten og presenterte ei moderande bedrift som gradvis har utvikla seg til å bli mellom dei leiande innan sitt felt i Norge.

Formvac kan lage det aller meste i vakuumforma artiklar, til dømes til møbel, bil og bussindustri, skipsbygging, innredning og matvareindustri.

Alle formene til produksjonen blir laga ved fabrikken etter skisser frå oppdragsgjevar.
Heile 3500 former har blitt laga opp gjennom dei vel 50 åra, rundt 200 av dei er i bruk ofte, fortalde Kjell Opsvik.
Største kunde i dag var Glamox. Under omvisinga fekk besøket sjå korleis lampeskjermar til Molde-bedrifta vart produsert.

Formvac er ei miljøvenleg bedrift. Utanom varmluft frå maskinene er der ikkje utslepp av noko slag. Plast som blir saga vekk under etterbehandling, blir kverna opp og returnert til fabrikk for å bli nye plastmateriale.

Kjell Opsvik fortalde at bedrifta har stort sett berre lokalt tilsette. Han rosa arbeidsstokken som tel rundt 15 menn og kvinner og fortalde at sjukefråveret var utrulege 1 prosent.

Her ved den nyaste vakuummaskina, ei investering til tre mill. kroner.

Her ved den nyaste vakuummaskina, ei investering til tre mill. kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380