Gråver, men flott 17. mai-feiring

Det var gråver og nysnø i fjella, men likevel svært mange som deltok i feiringa av nasjonaldagen i Sunnylven. At regnet heldt seg unna under folketoget frå kyrkja til samfunnshuset sette alle pris på.
På Hellesylt starta dagen med ei enkel markering ved minnetavla over dei falne i siste krig, og deretter var det festgudsteneste i Sunnylven kyrkje ved sokneprest Svein Runde. I tillegg til tekstlesing medverka ungdomskoret Joyful og Sunnylven skulekorps under dirigent Trond Otto Berg.
For skulekorpset er 17. mai på Hellesylt ein aktiv dag. Slik også denne gongen, og i år imponerte korpset meir enn nokon gong. Aldri før har dei musikalske kvalitetane lege på eit høgare nivå. For mange vart det ei minnerik oppleving å høyre det unge korpset, både i kyrkja, i folketoget og under folkefesten på Sunnylven samfunnshus.
Festprogrammet på samfunnshuset vart leia av Jens Vik. Bygging av fellesskap var viktig i ei lita bygd om ein skulle få til noko, sa Jens Vik. Han var stolt og imponert av det unge utøvarar i bygda bidrog med.
Programmet på folkefesten var prega av dei unge, det var innslag av dansegruppa i HUL med Astrid R. Ringdal som leiar. Felegruppa med Synnøve Hjellbakk Hole hadde fleire musikalske innslag, og aspirantane under leiing av Wenche Høgalmen Ringdal viste at rekrutteringa til korpset er i orden.
Også bebuarane ved Sunnylven omsorgsenter fekk ta del i programmet. Folketoget gjekk om senteret der det var stopp med korpstonar, og seinare på dag var dansegruppa innom med sine framføringar.
Talen for dagen under folkefesten var ved elevar frå 10. klasse. Ida Kristin Dyrkorn, Kennet-Andé Hole, Trygve Aaland Tryggestad og Helge Kvam Karbø hadde sett på papiret sine tankar kring nasjonalkjensle og feiring av 17. mai. Ei litt kort, men reflektert tale som vart godt framført for ein nesten fullsett sal.


