«HA DU HAURT PÅ MAKJEN»
Sunnylven samfunnshus er morostaden laurdag 14. mai. I Sunnylven si storstove blir det garantert rorbustemning, for dit kjem stryningar i fri dressur.
«Villstryningane» Birger Meland og Roy Aron Myklebust har slått seg
saman i eit underhaldningskonsept dei kallar «Ha du haurt på makjen».
Kvar for seg har dei underhalde både på NRK radio, TV og rundt om i kulturhus
og grendehus i ei årrekkje.
Den eine mest kjent som programleiaren og dansemusikaren, den andre som moromannen med dei mange stemmene og karakterane.
Med Birger bak tangentane og Roy Aron stadig innom i ulike rollar inviterer
dei til ei svært så underhaldande økt med musikk, humor og ikkje minst den
gode historia i sentrum. Inspirert av det populære humorprogrammet «Du
skal høre mye» ønskjer også tokløveret å skape rorbustemning rundt om
på utestadane i distriktet – og denne kvelden på Hellesylt.