Lokalnytt

Joyful på songfest i Oslo

Glade songarar. Veronica Jansen og Veronica Øksvang frå Joyful er mellom dei i fremste rekke.
Glade songarar. Veronica Jansen og Veronica Øksvang frå Joyful er mellom dei i fremste rekke.

Sist fredag reiste Joyful med leiarar og nokre foreldre til Oslo for å delta på Oslo Soul Children sin store festival i Oslo Konserthus. Trond Åge Dyrkorn køyrde bussen heilt til Nedre Bekkelaget skule som vi var heldige å fåleige.

Reisebrev frå Hilde Brekke

Skulen i Oslo fekk vi leige på grunn av kjentfolk som Asbjørn Saarheim og Anne Krohn som arbeider der. Spente reiste vi inn til byen der heile 1750 barn og ungdommar deltok – og i tillegg var der vel 300 korleiarar og andre. Dette var utruleg stort og flott, tenk det kom faktisk eit kor heilt frå Chicago også.

Dagane gjekk med til mykje song og innøving av bevegelsar til dei ulike sangane. Vi hadde kjende instruktørar som Ragnhild Hiis Aanestad (grunnleggar av festivalen), Linda Børud, Walt Whitman (frå Chicago) og sist men ikkje minst sjølvast Carola !!! Å synge saman med desse var ei stor oppleving for Joyful.

Laurdag var det utekonsert på trappa til Oslo rådhus, og det var det vel kanskje nokon som fekk med seg på NRK nyheitene …. Søndagen var det konsert i Konserthuset med alle 1750 songarane på scena samtidig, og alle seta i salen var utselde. Eit kjempemessig arrangement for oss som er vant til adskillig mindre forhold.

Det var ein fornøgd gjeng som sette seg i bussen søndag kveld etter ei opplevingsrik helg. Vi kom heim tidleg måndag morgon til Kyrkjelydshuset der Elisabeth og Rita venta oss med deilig frokost før vi takka for turen og måtte på skule og jobb.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380