Lokalnytt

Ny innsamling til Litauen

Arnfinn Tryggestad frå Lions Club Hellesylt tok mot 220 sekkar med hjelpesending til Litauen under den første innsamlinga. (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Arnfinn Tryggestad frå Lions Club Hellesylt tok mot 220 sekkar med hjelpesending til Litauen under den første innsamlinga. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Lions Club Hellesylt si innsamling av hjelpesendingar til Litauen held fram. Tysdag 10. mai er det høve til å levere nye plastsekkar med klede, sko og andre reine og heile varer.

Til saman 220 stappa plastsekkar har kome inn til no og er klare for avsending til Litauen.
I veke 20 køyrer to store trailerar mot øst med det som er innsamla i Sunnylven og andre stader på Sunnmøre. Det fortel president i Lions Club Hellesylt, Olga Taraldset.

Under innsamlinga i april og mai var det enkelte som leverte opp mot 20 sekkar. Om nokon har meir dei ønskjer å sende, tek Lions Club mot varer tysdag 10. mai, fortel Olga Taraldset. Stad for innsamlinga er som sist bedehuset på Hellesylt mellom kl. 17.00 og 19.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380