Lokalnytt

Opning av kunstgrasbana i juni

 

 

 

Sunnylven IL førebur opningsfest av ”nye” Hellesylt stadion som er bestemt til laurdag 11. juni. Mange invitasjonar blir sendt ut i samband med opninga der det blir helsningstaler, musikk og snorklipping.

Kunstgrasbana på Hellesylt stadion stod ferdig til bruk i september i fjor. Mange treningar og kampar er alt gjennomført på den flotte bana, og laurdag 11. juni er det planlagt offisiell opning.

Ei lang rad invitasjonar blir sendt ut, til fotballforbundet, fotballkrins, Stranda kommune, entreprenørar og sponsorar, får vi opplyst.
Det blir innmarsj av alle Sunnylven IL sine fotballag og Sunnylven skulekorps deltek.
Kven som får æra av å klippe snora som markerer at kustgrasbana Hellesylt stadion er offisielt opna, er så langt ei hemmelegheit.

Norges første FIFA 1-stjerners-bane.

Bana på Hellesylt vart sist veka testa av folk frå ISA Sport Nordic s/a, eit firma som har godkjenning av baner i alle dei fem nordiske landa.
-Dag og tid for inspeksjone blir alltid halde hemmeleg for leverandøren av kunstgraset. Vi har ikkje høyrt noko og det er gode nyheiter for oss, så bana er godkjent og sertifikatet blir utsteda, seier Knut Kaspersen i Bresco a/s.

Han fortel at bana på Hellesylt er spesiell. Av den Nederlandske leverandøren av kunstgraset er den godkjent som Norges først FIFA 1-stjerners bane. Vår byggemåte med å bruke berre gummigranulat i kunstgraset og ikkje sand, utvikla vi i 2009. Den er spesiell og har fått stor anerkjenning då den mellom anna drenerer betra, seier Knut Kaspersen.

At Bresco a/s valde bana på Hellesylt skuldast at den ligg på ein av dei vakraste stadane i Norge og såleis er god reklame, legg Kaspersen til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380