Selde vafler og maiblomst
Laurdag benka representantar frå Sunnylven sanitetslag seg i Hellesylt sentrum med tilbud på kjøp av vafler og maiblomst. Dei var nøgde med salet.
Salet vart som forventa heile vaffelrøra vart til gode vaffler og tre store kanner kaffi gjekk med. Folk i forbifarten kjøpte også maiblomst, så damene frå sanitetslaget var godt nøgde.
-Vi er her ikkje for å tene oss rike, men markere at laget lever og tilby maiblomsten som Norske sanitetskvinner sel over heile landet i mai, sa Ruth Nygaard Frøysa og Kari Hauso Stadheim.