
17. -mai i Sunnylven skal feirast på tradisjonelt vis. Sunnylven IL er hovedarrangør og fire elevar frå 10. klasse er snart klar med si tale på nasjonaldagen.
Som dei siste åra er det elevar frå 10. klasse som entrar talarstolen under folkefesten i Sunnylven samfunnshus. Talen på nasjonaldagen i år blir med fire elevar som deler oppdraget mellom seg, Ida Kristin Dyrkorn, Helge Kvam Karbø, Trygve Aaland Tryggestad og Kenneth-Andrè Hole.
Å tale til ei stor forsamling er alltid litt spanande, men dei gruer ikkje.
Manuskriptet er snart klar, og innhaldet blir om nasjonalkjensle og 17. mai, fortel dei. Også litt diktlesing blir fletta inn i talen som dei fortel blir på kring ti minutt.
Nasjonaldagen i Sunnylven startar med gudsteneste i Sunnylven kyrkje. Deretter er det folketog gjennom Hellesylt sentrum til omsorgssenteret og tilbake til samfunnshuset.
Fleire kulturelle krefter er i sving med underhaldning, både på samfunnshuset og for bebuarane på Sunnylven omsorgssenter.
Og som alltid under 17. mai er Sunnylven skulekorps på plass og set stemning på dagen, saman med store og små i feststas, flagga og hurraropa.