Softis-maskina på plass

Rikard t.v og Brede saman med restauranteigar Tahir Øcal og den nye softismaskina som vil glede mange i heile sommar.

Rikard t.v og Brede saman med restauranteigar Tahir Øcal og den nye softismaskina som vil glede mange i heile sommar.

Rikard Eide Ljøen og Brede Ringdal hadde venta på softismaskina som skulle kome ved Øcal restaurant på Hellesylt. Laurdag kunne dei kjøpe sine fyrste softisar.

Endeleg var softismaskina ved Øcal restaurant på Hellesylt på plass, kunne Rikard Eide Ljøen og Brede Ringdal fortelje. Dei hadde venta og vakta, og laurdag kjøpte dei kvar sin softis som dei aller fyrste kundane.

Isen var kjempegod, og så fekk vi så mykje, fortalde dei to. Rikard kjøpte med sjokoladedryss og Brede med jordbær. No gler dei seg til neste softis, når dei berre orkar.

Ved Øcal restaurant leigde dei softismaskin i fjor, men i år har dei kjøpt si eiga av nyaste modell. Den skulle vere på plass i mars, men kom fyrst i veka før 17. mai, fortalde eigaren.
Men bedre seint enn aldri, det tykte i alle fall Rikard og Brede.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380