Lokalnytt

Stemningsfullt i Sunnylven kyrkje

-

Mykje vakker song og musikk vart ei flott ramme for visitasgudstenesta i Sunnylven kyrkje. Der var mange frå kyrkjelyden og fleire tilreisande til stades under biskop Ingeborg Midttømme sin siste visitasdag i Sunnylven.

Gudstenesta siste søndag i mai starta med høge tonar frå lurblåsarar. Saman med musikkskulerektor Trond Otto Berg var fire ungdomar frå Hellesylt Ungdomslag, Kristin Ringdal, Emilie Brekke, Lars Kvam Karbø og Håkon Kjellstad med.
Deretter var det inngang i prosesjon med sokneråd, ungdomskoret Joyful, kommuneleiing med ordførar og rådmann, og tilsette i kyrkja både lokalt og inviterte, Til sist kom prostane Lars Slettebø og Svein Runde, og biskop Ingeborg Midttømme.

Ordførar Frank Sve las teksta for dagen og biskop Ingeborg Midttømme heldt preika. Elles medverka soknerådsmedlemer og prostane Lars Slettebø og Svein Runde.
Ungdomskoret Joyful og barnekoret Ariel deltok med rytme og smittande glede i sine songinnslag, og til slutt song Kristin Storstein velsignelsen.

Med kantor Gunnar Inge Eide ved orgelet og Trond Otto Berg på trompet vart det ei stor og mektig oppleving musikalsk i Sunnylven kyrkje. Også unge Lars Kvam Karbø inntok orgelkrakken og spela til salmesong, og postludium ”Toccata over ”Gå i fred” av Mark Taylor” til utgangsprosesjonen.

Det vart ei minnerik gudsteneste med mykje vakker musikk og salmesong, ei verdig og stemningsfull avslutning på biskopen sin visitas i Sunnylven og Geiranger

Ungdomskoret Joyful.
Ungdomskoret Joyful.
-
Kantor Gunnar Inge Eide nærast og musikkskulerektor Trond Otto Berg.
Kantor Gunnar Inge Eide nærast og musikkskulerektor Trond Otto Berg.
Utgangsprosesjon med soknerådsleiar Berit T. Hole fremst.
Utgangsprosesjon med soknerådsleiar Berit T. Hole fremst.
Lurblåsarar frå venstre, Kristin Ringdal, Emilie Brekke, Lars Kvam Karbø. Med i kyrkja, men ikkje på biletet, Håkon Kjellstad.
Lurblåsarar frå venstre, Kristin Ringdal, Emilie Brekke, Lars Kvam Karbø. Med i kyrkja, men ikkje på biletet, Håkon Kjellstad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380